Viser innlegg med etiketten grunnmur. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten grunnmur. Vis alle innlegg

søndag 3. mai 2020

Orda som rivna

det var som orda rivna
bygde ned den gamle brua

steinane fall som regn over marka
til alt var ruinar og steinur

ein regress til eit før-
istidslandskap

utan rørsle
orda - som skulle berge oss

pepra den skjøre alliansen
mellom elskande hjarte

berre grunnmurane står att,
dei er alt me har å lene oss på

no