Viser innlegg med etiketten springe. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten springe. Vis alle innlegg

torsdag 4. juni 2020

Nye sprang

nokon ventar
eit steinsprang i mergen
nye sprang
frå det som ein gong sprengte

løyve til å drøyme om
løyve til å kysse
løyvet til å springe

forbod mot skuggar  --
lyset bles som ein vind over hagen
stryk mjukt over uslipte steinar
ruggar dei til kamp
nye sprang
frå det som ein gong var eit sus

i håp om botnar 
som svinn

svingar vinden i enden av eit tau
sveiper over marka
lagar spor i sanden, spor i huda
ventar
        på noko
med fullmakt til å aldri stoppe


lørdag 11. januar 2020

Halde ut

springe på ein vind
som dyttar imot

springe for livet, kjenne hjartet pumpe
pulsen pulsere
brekke av alle tre ein møter, la
asfalten krølle seg saman
i store rullar

springe utanom alle hinder
og samtidig over

for vegen fram er som ein brennande tunell
og ingen du kjenner kan seie sanninga om
det som ventar, berre la seg føre
av vinden, regnet, isen, sjølve orkanen
frå havet

til lyset i andre enden omsluttar deg,
ei silkedyne med dempa stemmer

dette er eit mål
du kan nå
om du berre held ut