Viser innlegg med etiketten dystopi. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten dystopi. Vis alle innlegg

fredag 24. april 2020

Der alt stoggar

kan eg stå her
under dei store greinene
utan lauv, utan tyngde
utan kjærleik
som kan lyfte meg vidare -

synsfeltet er snevra inn, 
alt er svart i periferien
og berre konturane av verda
viser att
der auga festar seg
som borrelåsar mot tida

føtene er stadig i rørsle
men kroppen står i ro
og dei tause trea
er vitne til dette
utan å gripe inn eller kviskre
       trøystande ord

alt eg høyrer
er vinden sitt sus i greinene
og ingen kan fortelje meg

vegen vidare




torsdag 14. mai 2015

Det er (den andre) draumen



eg drøymde så fælt
her ei natt;

at verda var blodraud
og skogen var svart

at gutar gjekk i døden
på grunn av ei løgn

om born, ikledd filler
og vassblanke kinn under auga

om mødre og koner
som ikkje var det lenger

og om menn i dress
bak kvar sine høge pengestablar –

eg klaup meg armen,
skreik opp i smerte

men bildet eg såg
stod uendra enn


fredag 6. februar 2015

(de posthumane minners dikt)



øde er menneskenes land
goldt ligger det
som et minnesmerke
over seg selv

hvor menneskene ble av?
se, det vites ikke,
ingen protokoller kan fortelle
hvem som fylte disse sporene,
hvilke svevende drømmer
som her er tenkt

ingen hukommelse er tilbake
i trær, i stein og blomster
om de tobeinte vesen
som levde ut sine håp og visjoner
i disse dalene, på disse fjordene

for se, øde ligger menneskenes land
goldt og fortært av tiden
og vindenes ferd over jorden

det er et minnesmerke
men ingen tilbake som kan huske –