Viser innlegg med etiketten tvil. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten tvil. Vis alle innlegg

fredag 2. oktober 2020

Kanskje

kanskje er eit langt ord

lenger enn både ja og nei


til og med lenger enn absolutt

og kjem-ikkje-på-tale


går du rundt med eit kanskje

vil tvilen alltid lure i fotefara



fredag 24. april 2020

Der alt stoggar

kan eg stå her
under dei store greinene
utan lauv, utan tyngde
utan kjærleik
som kan lyfte meg vidare -

synsfeltet er snevra inn, 
alt er svart i periferien
og berre konturane av verda
viser att
der auga festar seg
som borrelåsar mot tida

føtene er stadig i rørsle
men kroppen står i ro
og dei tause trea
er vitne til dette
utan å gripe inn eller kviskre
       trøystande ord

alt eg høyrer
er vinden sitt sus i greinene
og ingen kan fortelje meg

vegen vidare




lørdag 29. mars 2014

Spekulasjonar


eg ser berre toppen av båten,
men reknar som gitt at den har skrog,
eg ser berre master og dekk
men forstår
at under der, ein stad
er det vatn
- men det er berre spekulasjonar

kven kan vite?
og kor stort? veit ikkje
men det er der nok
og kanskje er vatnet endå større,
kanskje rekk det lenger
enn mine tankar

spekulasjonar…
eg ser berre toppen av ein båt
og ikkje noko meir –


torsdag 13. mars 2014

Det er rart


Det er rart å vite -
- å meine at ein veit -
og det er merkeleg å sjå,
eller tru at ein ser
og dermed sjå det ein ventar
og høyre akkurat det
ein trudde ville dukke opp

Ja, det er merkeleg å kunne stå stødig,
på ein grunn som skjelv,
eller vakle
på stødig grunn,
det er merkeleg å vere på veg
utan mål, berre vandre
mot eitkvart - og tvile på at der er noko i det heile
eller famle seg fram, og vere sikker på nokon ventar der framme

Det er rart å tru -
- å seie at ein håpar -
og likevel tru at det er sant
og vite at ein ikkje veit
og likevel stole på
at det er noko i det,
eller korleis det ein trur er sant
somme tider verkar utruleg
og ein må berre setje seg ned
og la alt bli stille - unngå at det eksploderer

Det er rart
korleis tankane kan vikle seg saman
og krysse kvarandre, knyte seg opp
og samle seg saman,
korleis ein berre glimtvis ser svara,
før dei forsvinn i tanketåkene
og alt er like bale som før 

Ja, det er rart
å vere menneske
i verda