Viser innlegg med etiketten vandring. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten vandring. Vis alle innlegg

torsdag 16. april 2020

Milepælar

alt det som i dag er uklart
skal ein dag bli klart

som eit omriss i skodda
medan du nærmar deg
med forsiktige steg

sakte kjem du nærare
sakte veks konturane fram
og du ser det som før var skjult

til sist
er det ukjente rett framfor deg
og vissa veks fram
som kunnskap bak auga



samtidig
kjem det nye skuggar i mørket
og vandringa held fram

torsdag 12. mars 2020

Ei vandring tek til

me såg bilane rygge ut
snu i ei sky av støv
og forsvinne i den same støvskya
ut i ørkenen

aleine
to par auge på kvilelaus vandring
over eit solsvidd landskap

delar på orda
dei få me har att, 
      let dei sveve som såpebobler
til vinden tek tak
og feiar dei med seg

stilla ligg att som eit teppe
og den blå himmelen er eit trykkande tak -

så langt unna alle andre

me finn kvarandre sine hender
og set beina prøvande ut på det varme,
lagar oss ein sti
der ingen før har gått,
på jakt etter 
neste oase



onsdag 17. mai 2017

Gå for fridom



steg for steg
fyller vi den asfalterte vegbana
der harde maskiner elles rullar
og orda plar vere få

no stegar vi framover
i samla flokk, ikkje taktfast
berre halvvegs regelbunde, oppstilt
etter sedvane og skikk

går framover i ordna uorden
mot eit felles mål
gjennom vårt daglege landskap;
det er her vi bur, her vi
lever, arbeider, pustar

i dag er musklane samla,
levande organismar på vandring;
vi går for fridom, vi går
for eit felles leve i fred



torsdag 15. september 2016

Kjeldene #4


det er mitt eige hjarte
du trør på
ein grunn du kan gå på
som ikkje er din
men min

her vaks du opp
vart sjølvstendig eigenrådig stor
styrte verda med sikker hand

heile vegen du gjekk
var meg
det var lånte stigar skjulte fjell
dalar med uendeleg næring

alt tok du til deg alt gjorde du
alt såg du og tok i eige
som ditt
endå det var mitt


torsdag 13. mars 2014

Det er rart


Det er rart å vite -
- å meine at ein veit -
og det er merkeleg å sjå,
eller tru at ein ser
og dermed sjå det ein ventar
og høyre akkurat det
ein trudde ville dukke opp

Ja, det er merkeleg å kunne stå stødig,
på ein grunn som skjelv,
eller vakle
på stødig grunn,
det er merkeleg å vere på veg
utan mål, berre vandre
mot eitkvart - og tvile på at der er noko i det heile
eller famle seg fram, og vere sikker på nokon ventar der framme

Det er rart å tru -
- å seie at ein håpar -
og likevel tru at det er sant
og vite at ein ikkje veit
og likevel stole på
at det er noko i det,
eller korleis det ein trur er sant
somme tider verkar utruleg
og ein må berre setje seg ned
og la alt bli stille - unngå at det eksploderer

Det er rart
korleis tankane kan vikle seg saman
og krysse kvarandre, knyte seg opp
og samle seg saman,
korleis ein berre glimtvis ser svara,
før dei forsvinn i tanketåkene
og alt er like bale som før 

Ja, det er rart
å vere menneske
i verda