fridomen er denne syngande lyden
av metall mot metall,
dei grove hjula som rullar framover
langs svillene
medan landskapet renn forbi;
ei motstraums elv
auga dine kviler
på dei grøne trea, dei langstrakte viddene
auga dine finn svar
i det som ikkje står skrive
eller uttalt
på husveggane, bilane, vindauga
men er lyset hjartet strålar
fridomen er denne vogginga
gjennom ukjent landskap,
knea mine mot knea dine, ei takt
me kan falle inn i
og smila speglar seg i kvarandre
lik auga speglar djupnene i det me ser
fridomen ligg i dette å ikkje stoppe
men halde fram,
ein kontinuitet
i mennesket sin sanne natur
Viser innlegg med etiketten tog. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten tog. Vis alle innlegg
fredag 8. mai 2020
torsdag 17. mai 2018
Her kjem vi
under
ei fane
med
namnet til landet
under
eit flagg,
fordi
at vi kan det
under
ein tone
som
bankar i hjartet
under
eit fjell
som
gjer auga vårt bjarte
under
eit ord
om
samspel og fred
under
eit ynskje;
at
krigshat går ned
her
kjem vi
gåande,
syngande
jublande
fri;
fagert er landet
og landet er vi!
onsdag 17. mai 2017
Gå for fridom
steg for steg
fyller vi den asfalterte vegbana
der harde maskiner elles rullar
og orda plar vere få
no stegar vi framover
i samla flokk, ikkje taktfast
berre halvvegs regelbunde, oppstilt
etter sedvane og skikk
går framover i ordna uorden
mot eit felles mål
gjennom vårt daglege landskap;
det er her vi bur, her vi
lever, arbeider, pustar
i dag er musklane samla,
levande organismar på vandring;
vi går for fridom, vi går
for eit felles leve i fred
Abonner på:
Innlegg (Atom)