1
Eg plantar eit flagg
Midt i grøne skogen
Eit merke for min fridom
Eit merke som seier: pust, lev
Her kan eg bygge mitt hus
Her kan eg setje mi seng
Frivillig står eg opp, går på arbeid
Av eigen vilje tek eg på meg mine
plikter
Eg går på blodstenka jord
Mine frie val har kosta andre dyrt
Med falda hender sender eg ei takkebøn
Og seier: Eg skal vise eg var verdt
det
2
Utanfor terskelen står ei einsam mor
Tårer på eit barnekinn
Ein far med tome hender
Bakken rundt føtene er merka av blod
Drypande frå opne sår, i hjarta
Eg slår opp døra, seier: Kom inn under
flagget
Det er eit romsleg flagg, med plass
til endå fleire
Og ser, dess fleire tårer eg turkar og
sår eg bind
Dess større vert flagget, og klarare i
fargen
3
I atlaset mitt er flagget eitt av
mange
Side ved side, nasjon ved nasjon
Det er mitt flagg, seier eg
Og peikar på det raude, kvite, blå
Og det er mitt, seier du
Og peikar på eitt anna
Eg møter blikket ditt, to auge, som
mine
Er dette verkeleg alt som skil oss?
Vi ler
Og grev ei fellesgrav for alle våpen