det er mitt eige hjarte
du
trør på
ein
grunn du kan gå på
som
ikkje er din
men
min
her
vaks du opp
vart
sjølvstendig eigenrådig stor
styrte
verda med sikker hand
heile
vegen du gjekk
var
meg
det
var lånte stigar skjulte fjell
dalar
med uendeleg næring
alt
tok du til deg alt gjorde du
alt
såg du og tok i eige
som
ditt
endå
det var mitt
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar