kor er du frå
kva for vegar har du gått
for å komme hit
ensar ikkje røtene mine
eller sine eigne
ser ikkje vegen dei sjølve har gått
korleis alt strekk seg
mot eit einaste punkt langt vekke
der kjeldene har sitt opphav
og alt som er vart til
kor er du på veg
spør dei
ser med opne auge
mot dei framande horisontane
eg peiker attende
dit kjeldene har sitt opphav
dit
skal eg
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar