lørdag 22. februar 2020

Mysterium

du er eit landskap 
eg ikkje kjenner,
ser bildet av fjeset ditt
i avisa
og ein tekst
som, i beste fall 
lagar ringar på overflata
før alt fell til ro att
og heile det store djupet
er skjult bak spegelbiletet av fjella og himmelen
og auga dine
held alt det hemmelege
på plass

kven er du 
langt der inne
bak det lure smilet
og dei mystiske auga

kven er du
aller inst
der ingen nokon gong
får sjå --


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar