tirsdag 11. februar 2020

Når orda ikkje vil

orda, kor vanskelege dei er
berre krøllar seg saman
klamrar seg fast i nervestrengane,
freistar stanse luftstraumen frå lungene;

eg kan kjenne kor dei jobbar på spreng,
byggjer demningar
og festningsverk, lenkar seg fast

nærast syr seg fast, som ein ironisk sutur
over såra eg sjølv har slått,
men nektar å strekkje seg ut, glatte over
vere mellommenn, brubyggjarar, meklarar, bodberar

nektar å lyde ordre
som deserterte soldatar,
korrupte politikonstablar

berre sit der, flirer av meg,
medan eg ser panikken langt der inne i mørket,
den stille panikken
som kjem frå noko anna enn sjølve orda;
det som held dei att -

her er sterkare krefter enn uvillige ord,
her er eit uvillig hjarte, 
ein meisterhjerne som sit der med ryggen til
klappar fråverande på ein katt
og med dommedagsrøyst
deler ut sine dødsdommar
over ord som vågar å ikkje lystre 
        denne andre ordren - om å bli

eg kjemper altså mot ufattelege krefter
i meg sjølv
og må ta grep 
skal eg kunne kalle meg eit eg
utan å krympe saman i skam

så eg opnar auga
rettar dei dit orda skulle gått
og let dei bere bøna fram
så mjukt eg klarar

håpar du forstår 
denne tause bøna om tilgjeving


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar