onsdag 12. februar 2020

Langleiting

eg har no leita så lenge
at snøen har lagt seg meterhøg
på hovudet mitt
og ingen av orda eg seier
kjem lenger enn eit par centimeter ut
i den frostkalde lufta,
før dei frys til is, sprekk opp
og dett singlande mot bakken
som knust glas

eg har leita så lenge
etter noko eg mista
lenge før snøen begynte å dale,
lenge før kulda bygde denne veggen
mot det gode livet,
lenge før sola trakk seg unna
i frykt for takras

eg har no leita
så langt beina kan gå,
eg har leita både høgt og lågt
langt og kort
og på alle stadene eg ville tenkt
at det var logisk at noko var 
lagt att

etterpå leita eg alle dei andre stadene
i holrom i snøen
har eg grave meg ned til bakken 
og inn i skogen mellom trea,
ja, eg har leita og leita
så lenge, at snart kjem våren

ja, eg har leita
men har leita så utruleg lenge
at eg har heilt gløymt
kva eg leita etter


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar