lørdag 15. februar 2020

Tur for hjartet

dei store orda ligg der
kviler i eit avstengt rom, ventar --

eg går ut i den kalde frostmorgonen
ruslar langs ein islagt veg, ser sola blenkje i krystallar

på dei kvitmåla ekrene langs vegen
skoa mine knasar mot frosten, mot grusen

dette er ein lengt, eit stille sug i magen
du er der, bak meg, inne i desse bygningane

du er der, som det klåraste for auga mine,
det einaste dei søker same kva eg ser på

turen langs vegen er for hjartet mitt
eg vil det skal ha det bra, men

det fell ikkje til ro med noko, inga tid til kvile
inga tid til å berre vere i seg sjølv

så lenge du er her, så nær
og likevel på ein måte utanfor rekkevidde

for du er din eigen person, ikkje min
og eg veit ikkje kva du tenkjer, kva du vil

så eg lukkar døra inn til dei store orda
let dei skjelve i fred i mørket

medan eg går her langs denne islagde vegen,
ei rullebane, 

men eg veit ikkje om eg er i ferd med å lette, eller lande

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar