søndag 23. februar 2020

Snømannen

det fyk ein snømann
over himmelen
endå ikkje fastsett i forma,
endå som fragment av seg sjølv   -   ei sky
som kjem svevande innover fjorden
og inn mot dei høge fjella innanfor
der sjølvet vert lyfta mot høgdene
og noko vert forløyst, sett fri

eit regn av snømannbitar
kjem dalande gjennom luftlaga
landar mjukt på plenen min
som ei perfekt fallskjermlanding

den siste biten
før lukka er komplett
er som ei sirkusferd, ein karusell
rundt og rundt på plenen
før snømannen står der
i alt sitt velde,
smiler det breie snømannsmilet
berre ein som har sett verda
         frå dei høgaste høgdene
kan smile


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar