onsdag 2. september 2020

Gåte

du er ei gåte -

fingertuppane dine
dansar tause
over huda

lyden frå regnet
smeltar saman med undringa
i auga mine

dannar strekar og figurar,
ei samansetting, eit bilete
av noko ukjent, noko
eg ikkje forstår

men kreftene er sterke, dreg meg mot seg
som eit insekt mot lyset

eg veit om faren, kjenner
vegen mot ein sikker undergang,
likevel let eg meg dytte framover
mot gåta
inn i gåta
let meg gå vill        i gåta -



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar