lenge før blomen visna
hadde eg festa den fast
inni fotoapparatet, som ein taus kopi
i mørket
kva skal eg med eit bilete av ein blome
tenkte eg, bladde gjennom minnebrikka
med utolmodige fingrar
haustfarga lenge før dei første vindane
visne hudceller regna som snø
over fotspora mine,
også dei feste til film, side om side
med strålande kronblad
og kontrasten gjer meg kvalm
eg kjenner avstandane i verda
som eit hammarslag mot beina i kroppen
og alt eg vil er å stogge
samtidig som eg aukar farten for å halde tritt
med meg sjølv
minnebrikka kastar eg i næraste søppeldunk
månen kan likevel ikkje bli meir rund enn rund
og blomen er snart død og fotspora snart vekke
og eg har det så innmari travelt
med å få gjort
alt
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar