dette at me alle er bygde
av dei same grunnstoffa;
at me er store delar vatn, og
det er ufråvikeleg for alle
og at dette vatnet er
på stadig reise
inn i kroppen, ut av kroppen
vidare ut i verda
til slutt kjem det same stoffet
kanskje
eit vassmolekyl? eit jernatom?
tilbake til deg
og plutseleg er det ein del av kroppen din
ei stund
dette at me
alle menneske
deler ei felles mengde grunnstoff
og ikkje kan eige
eit einaste eitt av dei
det er noko forunderleg
og grunn til å undrast -
korleis kan me i det heile rekne oss som ulike?