Viser innlegg med etiketten lytte. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten lytte. Vis alle innlegg

mandag 20. april 2020

Jordskjelv

eg legg øyret mot det nakne golvet
lyttar etter teikn
på bankande hjarte
mjuke føter på veg
mot noko godt

lyttar etter teikn på liv
at nokon er på veg tilbake
eller endå lenger vekk

rørsla frå eit menneske,
små jordskjelv i bakken
vitnar om at her
        er nokon

at nokon er til