det er i grunnen nett det same
kva du seier
og korleis du seier det,
om du har tyngde bak orda
eller ein lett sommarnattstone
som kunne løfta kvart einaste nedbrotne hjarte,
og om klangen var open
stemma som ein melodi;
rislande vatn for tørste sjeler -
eller om orda var som grus,
knasande tomme for innhald
som sprettballar på tørr asfalt borte
før du fekk sukk for deg
og lyden vart slukt
av dine eigne sukk
viss du berre lar stemma lyde
i einerom
Viser innlegg med etiketten stemme. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten stemme. Vis alle innlegg
torsdag 27. februar 2020
lørdag 4. januar 2020
Sufflør
det er ei stille stemme i vinden
ei stille stemme frå mold og bark og snø
kviskrande, mumlande, masande
er stemma som ein usynleg bisverm
alltid like bak øyra mine
eit dempa fnis
når nokon mistar noko
ein liten latter
viss bussen har gått før eg kjem
og eg må vente, frustrert
med den vesle latteren i øyret, i hovudet, heilt inn
til der humøret byrjar å røre på seg
løfter auga mot fjella, gler meg over sola og regnet
og at eg har føter som kan springe
viss eg vil
og at eg har ein buss å vente på
og eit mål å reise til
gler meg over den stille stemma
som alltid er der, kjent og glad og raus og somme tider
utolmodig, masete, mumlande, kviskrande
irritert
eg kjenner den att, kjenner den i hjarteslaga,
eg, vesle seksåring i hjartet
som aldri vert eldre
ei stille stemme frå mold og bark og snø
kviskrande, mumlande, masande
er stemma som ein usynleg bisverm
alltid like bak øyra mine
eit dempa fnis
når nokon mistar noko
ein liten latter
viss bussen har gått før eg kjem
og eg må vente, frustrert
med den vesle latteren i øyret, i hovudet, heilt inn
til der humøret byrjar å røre på seg
løfter auga mot fjella, gler meg over sola og regnet
og at eg har føter som kan springe
viss eg vil
og at eg har ein buss å vente på
og eit mål å reise til
gler meg over den stille stemma
som alltid er der, kjent og glad og raus og somme tider
utolmodig, masete, mumlande, kviskrande
irritert
eg kjenner den att, kjenner den i hjarteslaga,
eg, vesle seksåring i hjartet
som aldri vert eldre
Abonner på:
Innlegg (Atom)