Viser innlegg med etiketten stall. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten stall. Vis alle innlegg

fredag 13. desember 2019

Eit før og eit etter

då bonden gjekk med ljåen
og let den sveipe over marka
så alle stråa gav tapt
og la seg ned i faret,
var det ingen framande tankar
eller merkelege syn
om det som skulle komme
i bonden sitt blikk

det var jord, strå, ljå og sveitte,
og når kvelden kom,
og høyet låg til tørk på grensa mot ørkenen,
var det ikkje noko uvanleg å sjå

stallen låg mørk
          og hadde ingen gjestar
dyra småsov
          det var stille som før
det gamle høyet låg i hjørnet
          det var slett inga seng
og lydane var dei vande, kjære

så annleis alt skulle vere
berre ei natt seinare,
kor mykje ståhei i den vesle stallen -

framande esel, framande menneske
og eit lite, blodig barn i høyet
kvilande på mora sitt fang
og dyra, andektige, nysgjerrige
frå kvar sine båsar -

nei, bonden hadde ingen tankar om dette
då han gjekk og svinga ljåen,
men etterpå
ja, etterpå
var det det einaste han hadde i tankane
kvar gong han nærma seg stallen -




søndag 1. desember 2019

Advent

å vente, sjå ut glaset
vente på at tida skal gå

vente på at tida skal kome

la seg fylle
av språkleg ekstravaganse,
snu ordboka opp ned
tømme den i seg
hoppe litt rundt, så alt vert blanda

opne munnen, sleppe alt ut att
til ei verd som druknar
i mangel på ord
- dei rette orda, vel å merke

og ein kan håpe
at dei rette orda kjem
slik det rette Ordet kom
og fylte verda med song
og fortsatt fyller hjarte med song -

vente på ventetida
sleppe ventetida inn i hjartet,
inn til alle orda

nærme seg ein stall
med skoa i henda
og ei stille bøn på leppene