Viser innlegg med etiketten blå. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten blå. Vis alle innlegg

søndag 12. april 2015

Blå



1
dagar i det blå
bles vindar
av viskande vindar
over dei mørke hjarte-
røtene, der slagget vert silt
og leia vekk

tilbake ligg klåra
som eit filter,
ristar små gleder gjennom
din rolege pust




2
lag på lag
som ei blåfargekake,
kjem natta snirklande
i glideflukt,
leikar seg med lyset
før den puttar sola
i lomma
- held lyset i bakhand
til ein ny dag




3
eg raudnar ikkje,
trass alle deksel
som no er borte
og alle frie uttrykk
som tikkande lysbilete
gjennom troposfæren

eg svartnar ikkje,
trass skuggeorda
som dampar over landet
og alle dei svarte hendene
og svarte hjarte og auge
som slett ikkje lyser
i natta

eg held meg blå,
som eit augeblikk
i tida – eit sekund
der alt som skjer
vert absorbert
i eit hav av stille melankoli




onsdag 19. februar 2014

Summer blues



I'll eat the snow
I'll take the pain
My hope is now,
Let come the rain –

And wash away
My summer blues
 - Aside I lay
My winter shoes!

I long for heat
I long for peace
Again we’ll meet
The summer, please!


torsdag 2. januar 2014

Blå


eg er blå
eg er mørk
her eg svevar
i eit landskap
eg kjenner
frå dagar og netter
i einsam kamp
mellom vatn og luft
i eit rom definert
av kor sakte lyset kan gå
når det er vinter og kaldt

eg er ein reisande
i blått landskap,
farga av det filtrerte lyset
frå lengtande draumar