1
dagar
i det blå
bles
vindar
av
viskande vindar
over
dei mørke hjarte-
røtene,
der slagget vert silt
og
leia vekk
tilbake
ligg klåra
som
eit filter,
ristar
små gleder gjennom
din
rolege pust
2
lag
på lag
som
ei blåfargekake,
kjem
natta snirklande
i
glideflukt,
leikar
seg med lyset
før
den puttar sola
i
lomma
- held
lyset i bakhand
til ein ny dag
3
eg
raudnar ikkje,
trass
alle deksel
som
no er borte
og
alle frie uttrykk
som
tikkande lysbilete
gjennom
troposfæren
eg
svartnar ikkje,
trass
skuggeorda
som
dampar over landet
og
alle dei svarte hendene
og
svarte hjarte og auge
som
slett ikkje lyser
i
natta
eg
held meg blå,
som
eit augeblikk
i
tida – eit sekund
der
alt som skjer
vert
absorbert
i
eit hav av stille melankoli
