Viser innlegg med etiketten under. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten under. Vis alle innlegg

onsdag 27. mai 2015

Stille under


under overflata putrar det
i tause vulkanar

eg skjerpar blikket
prøvar fange opp nyansane i kvelden

hjartet bankar ukontrollert,
ingen veit kor neste vindpust kjem frå

eller når dei indre straumane kokar over
sine stille breidder

set havet i kok
og endrar alle ting - alt i hop

frå eit sekund til eit anna,
kanskje akkurat når eg blunkar -

så eg held blikket fokusert
og håpar på eit stille under

torsdag 18. desember 2014

Det store underet





du laga naturlovene,
no bryt du dei
med glatt hand

vi undrar oss
for vi ser
det store underet

og naturen lystrar
kvart ord frå din munn
utan protest –

kan du forvandle
også mitt
sundslegne hjarta?