tirsdag 17. mars 2015
Det som brenn
der ute, bak sløret
denne vesle flammen
eit sikkert teikn
indisium på at no -
no er det noko som skjer
ei endring, ei ørlita dreiing
føtene trør ny grus
auga ser ein anna horisont
- det var her sola gjekk
usett ned i havet
det som brenn
etter kvart innpust
lik eit sakn, lik eit hjartebank
det som legg alt i oske
endå ein gong
og opp frå oska
stig det på nytt
i sterkare, klarare glans
nyvaska og polert overflate
eit djupare skin, denne gongen
der ute, bak sløret
denne vesle flammen, teiknet
vekkjer på ny eit håp;
no er det noko som skjer -
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar