Eg set
meg ned på ein stein
i skogkanten
Lener ryggen
opp mot eit tre
Rykande
varm kakao i ein kopp
varmar nestenfrosne
hender
Eg tek
ein slurk,
ser utover
landskapet framfor meg
Lyset vert
sakte dempa
Og den
raude sola gøymer stille sitt andlet
Tilbake
ligg eit fargedryss over himmelen
Ikkje
ein lyd kan høyrast
Berre ein
beskjeden vind
listar
seg mellom trea
Hjarterytmen
senkar seg
Pulsen kviler,
kroppen sig saman
i haustleg
velvære
Og tankane
som så
ofte kvernar rundt store og små
problem
finn skogstakta,
naturen sin rolege puls
Dette er det kroppen min lengtar etter
I bilen til jobb, i bilen frå jobb
Dette er mi straumkjelde
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar