Tusen
falne stjerner
Blinkande,
tindrande
over den
blåe havflata
Eit Fata
Morgana for romlengtaren
som om
natta stirrar opp mot det nattsvarte
glitrande
himmelhavet
med
lengsel i blikket
Stjernevatnet
lokkar og dreg:
Kom nærare
du
lengtande hjarte
Mett deg
på alt det auga kan ta inn!
Likevel:
Det er ikkje nok
Dei falske
illusjonane smakar søtt
men
ettersmaken er bitter
Og
lengten berre veks
etter
kvart som dei innhole draumane
avslører
seg sjølv og bleiknar
Det er
dei ekte, stabile varene
du søker
Ropar stjernehimmelen,
gøymt bak sin blåe fasade
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar