Viser innlegg med etiketten utstråling. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten utstråling. Vis alle innlegg

torsdag 9. november 2017

Den indre flammen



kanskje er du sola
dei krinsar rundt
umedvitne
den brennande flammen
i ditt indre

der smeltar bitar av livet ditt saman
til stødige minner,
sender strålar av energi
frå kvar pore i huda

det du byggjer og ber på
skapar gløden i elden frå auga

kanskje er det difor
dei krinsar rundt deg;
auga speglar den indre flammen

umedvite
får dei del i den same varmen