stille
glir vi inn
i
bildet, frå høgre
som
opne, spinkle
lærlingar
i livet
tek
fatt på arbeidet
lagt
framfor oss
og
spinn våre nett
rullar
ut våre vegar
glir innover i bildet
til vatnet omgir oss
og vi kjenner oss heime,
føler vi forstår
både
plassen og utsikten,
til
føtene trår med seigare steg
og
alt vi ser
er
uklart og oppbrukt
så
glir vi ut
av
bildet, til venstre
som
lukka, trøytte
skal
av liv
berre
bølgjene ligg att,
krusingar,
ei helsing
til
dei som kjem etter
og stirrar på bildet når vi forsvinn
Fantastisk skrive ! og bilde !
SvarSlettGod helg !