1.
Kva skriv du på nett no? Eg skriv som regel
dikt kvar dag, men eg held ikkje på med noko større prosjekt. Utanom dette er
det mykje skriving i jobben som lærar, i tillegg til at eg skriv litt for
lokalavisa og har tre bloggar utanom denne…
2.
Kva skriv du helst, roman eller novelle? Absolutt novelle. Eg
har ikkje struktur og tolmod nok til å skrive noko lenger. Men skulle eg få eit
tredje val, om dikt, så vel eg nok det.
3.
Favorittforfattar? Eg plar lese mykje, og er
glad i ei heil rekke forfattarar. Skal eg likevel trekke fram nokon, må det bli
innan favorittsjangrane mine: 1) Historiske romanar: Conn Iggulden, Ildefonso
Falcones og Bernhard Cornwell. Eg vil også nemne Adam Hochschild, som skriv
svært gripande dokumentariske bøker. 2) Fantasy-bøker: Ally Condie, Veronica
Roth og Asbjørn Rydland.
4.
Kven skal spele hovudrolla om boka/novella di
blir film? Tom Hanks
5.
Når skriv du helst? Kor tid som helst – når inspirasjonen
er der, og eg har tid!
6.
Kva for ei bok ligg på nattbordet nett no? “Kraften av én” av Bryce Courtenay. Ei gripande
barndomsskildring frå Sør-Afrika! I tillegg ligg Bibelen der, som fast
lesestoff.
7.
Kva får deg til å leggje frå deg ei bok? Humor som ikkje
treff meg, keisame/uinteressante handlingar, dårleg språk og vulgært/pervertert
innhald. Det er så mange gode bøker i verda, at eg orkar ikkje bruke tid på dei
som ikkje er det.
8.
Kva syns du om miljøskildringar i bøker? Viss skildringane er
innvevd i handlinga, og gir akkurat nok informasjon til å lage eit
bakgrunnsteppe for handlinga, set eg stor pris på miljøskildringar. Eg likar
ikkje når dei vert så detaljerte at dei spelar ut fantasien.
9.
Skal du vere med i NaNoWriMo? Nei, eg skal nok
ikkje det.
10.
Beste rådet til nokon som vil begynne å skrive? Skriv tekstar du er
glad i sjølv, og tekstar som kjem frå hjartet!
(Og håp at også nokon andre vil like det du skriv…)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar