gje
meg stilla
ein
kveld
under
open himmel
ikkje
lydlaust, ikkje taust
men
ope, nake
som
den fyrste lyden på jorda
som
ei dirring i molda
ei
stemme du kjenner
som
skulle den vere di eiga
gje
meg stilla
ei
einaste, stjerneklår natt
og
eg skal kviskre deg orda –
dei
fyrste, dei siste
tre
søyler som strekk seg
parallelt
i mot æva
i
stilla, tre ord
om
trua, og håpet
og
kjærleik som overvinn døden
gje
meg stilla
eit
liv
under open himmel –
Nydelig!
SvarSlettI love the simplicity of the image!!! It is the sort of image one can spend a lot of time with!
SvarSlett