hendene
aldri
gløymer eg
hendene
sprikande
fingrar
sår
hud
ei
bøn i kvart auge –
eg
sat i sofaen
i
den lyse stova
på
den grøne plenen,
varmepumpa
suste svakt
heldt
temperaturen oppe
på
denne vesle flekken
eg
kalla min
rundt
hagen gjekk gjerdet
og
utanfor gjerdet
stod
du
stira
inn, bedande
ynskte
å varme deg –
dele
varmen
som
sikkert kunne varma tjue
eller
fleire
men
eg
eg
kasta ut ein utslitt genser
og
snudde meg til datamaskina
ville
vere i fred
for
å skrive dikt
om
hendene dine;
hendene
aldri
gløymer eg
hendene
–
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar