Gje meg
eit fast punkt
Eit som
ikkje lar seg flytte
av mine
tankar eller vinglande idear
Eg er så
ustadig
Ustabil
Eg ynskjer
ein ting, og så plutseleg ikkje
Og treng
noko å fortøye
Sjølvet mitt
til
Gje meg
eit fast punkt
Eit
punkt som står fast
både på
varme dagar og triste dagar
Og som
held
Uansett kor
eg riv og røsker
Og prøver å komme meg vekk
Frå alt
Gje meg
eit fast punkt
Grunnfesta
og solid, gjennom stormar
Og kaos
Når
livet mitt går i stå
Og det
er fleire floker enn rette vegar
Eg ser
ingen lyspunkt
Ingen
til å muntre meg opp
Ingen
til å stole på
Det er
då eg treng
Eit fast,
urokkeleg punkt
Utanfor meg
sjølv
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar