Sveve over livet
Flyte på vinden
Eg
lukkar augene
strekk ut
armane og opnar hendene
Kjenner korleis
vinden riv i kroppen
Lufta prikkar
mot huda
og huda
kjennest levande
Organisk
Eg berre
svevar av garde
Let meg
føre av vér og vind
Kviler,
smiler
Kjenner kor
deilig det er
Å vere
menneske
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar