Det er ikkje det at eg vil ein annan stad Eller, for så vidt, vekk i det heile Eg vil berre noko anna At det skal skje noko, ei endring Noko må skifte retning eller form, farge, innhald Det er ikkje mogleg å setje fingeren på kva det er eg eigentleg ynskjer Det er difor det er så mange som trur At eg vil vekk rive opp alt og stikke av Men det er ikkje det Det er noko anna