Viser innlegg med etiketten regnboge. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten regnboge. Vis alle innlegg

mandag 18. november 2013

Skatten

Kjensla eg skildrar i dette diktet, er den same kjensla som gjer at eg syns Terje Vigen er eit av dei tristaste dikta som nokon gong er skrive - han får oppleve mitt verste mareritt. Det er også den same kjensla som den som klemmer hjartet mitt saman, pressar lufta ut av lungene og etterlet meg på ein grå og tom plass når eg høyrer om gateborn som må tigge for føda - aleine og utan kjærleik, foreldre som må sjå sine eigne barn svelte ihjel, unge jenter som vert tvungne til å selje kroppen sin, forsvarslause foster som vert drepne, born som ropar etter mat langs vegane på Filippinene, foreldre som må ta farvel med sine sjuke, døyande born, familiar som vert drivne på flukt frå eigne heimar, utan håp om å vende tilbake... Lista er lang, og kunne vore lenger. Og eg veit eg er heldig. Eg har nokon som ventar på meg, og nokon eg kan ta vare på, der regnbogen endar...



eg har ein skatt
nordafor fjorden, austafor havet,
der bølgjer vert knuste
mot utemt natur
og vatnet strekk sine armar
inn i landet, der,
mellom ruvande fjell
er ein firedelt skatt – som ventar
ein skatt som lokkar attende,
dreg lik ein magnet;
og eg kjem

for lengten er stor, og
eg veit –
det er nokon som ventar
der framme

der røter er festa og vikla i saman
- min lengt, mitt håp –
der er skatten eg vernar, der er skatten
eg ser, når eg søv, når eg vaknar
gjennom dagar med slit, gjennom dagar
med glede
er det tanken på skatten, min skatt
som stør mine steg
og vender mitt hjarte
tilbake

heim –

søndag 10. november 2013

November



rett etter hausten
sitt fargesprakande fyrverkeri,
rett før tusen lys varmar natta
og den lune gleda fyller lufta –
skvisa mellom alle desse lysa
ligg saktmodige november

det er noko ukjent og grått,
noko anonymt
med heile november,
som ein litt unnseleg veslebror
litt unnskyldande mellom dei som merkar seg ut
ein taus og tenksam kar –

likevel,
trass tåke og regn
trass lauv som ikkje lenger er gult,
men ligg nedtrakka og brunt på bakken
og lufta som vert skarp og kjølig,
irriterte bilistar som skrapar rutene
medan dei prøvar halde hendene varme
og naboen som sparkar etter fastlåste
hjulmutrar i sinne –

trass alt dette,
og mogleg endå fleire ankepunkt,
ligg november der også som ein skatt –
endå er hausten her
og vinteren vinkar i det fjerne
endå glimtar sola til
og lyser opp mellom regnstrålane
endå kan varmen frå sommaren
merkast som ei tynn hinne mellom meg
og frostnettene –

november er beskjeden,
men vel verdt å bli kjent med

onsdag 3. juli 2013

Løfte


Det er sol
- det er dans i tynne klede
glede under Guds blåe himmel

Det er regn
- dråpar med liv,
vatn som væter karrig jord

Det er sol og regn
- eg løfter blikket, ser bogen
Eit løfte frå ein som er trufast - til døden

Det er regnbogedagar
Regnbogedraumar, regnbogeløfter
frå ein som veit vi treng det stabile

Det er dans under tunge skyer, dans i strålar gjennom regn
Det er sol
Det er regn
Det er minner - om eit løfte som aldri vert brote

torsdag 20. september 2012

Regnbogen


Ein skatt i enden
Og ein skatt i starten:
Eit dyrebart løfte
om alt det som ikkje vil skje

Regnbogen
Eit løfte om utsetjing
Eit løfte om endå meir tid
til å velje det rette

Sol og regn
Glede og sorg
Motpolane smeltar saman
og dannar eit lysspekter
som fargelegg dagane, åra

Alt det vi mista
vil aldri komme tilbake
Regnbogen lyser
lovar oss ei betre tid, ein gong