rett
etter hausten
sitt
fargesprakande fyrverkeri,
rett
før tusen lys varmar natta
og
den lune gleda fyller lufta –
skvisa
mellom alle desse lysa
ligg
saktmodige november
det
er noko ukjent og grått,
noko
anonymt
med
heile november,
som
ein litt unnseleg veslebror
litt
unnskyldande mellom dei som merkar seg ut
ein
taus og tenksam kar –
likevel,
trass
tåke og regn
trass
lauv som ikkje lenger er gult,
men
ligg nedtrakka og brunt på bakken
og
lufta som vert skarp og kjølig,
irriterte
bilistar som skrapar rutene
medan
dei prøvar halde hendene varme
og
naboen som sparkar etter fastlåste
hjulmutrar
i sinne –
trass
alt dette,
og
mogleg endå fleire ankepunkt,
ligg
november der også som ein skatt –
endå
er hausten her
og
vinteren vinkar i det fjerne
endå
glimtar sola til
og
lyser opp mellom regnstrålane
endå
kan varmen frå sommaren
merkast
som ei tynn hinne mellom meg
og
frostnettene –
november er beskjeden,
men vel verdt å bli kjent med
Fin hyllest til november !
SvarSlettDen er slett ikkje så verst synest eg heller.
Fin ny veke frå Anne-Mari
Rainbow through the window, well taken even got the rain on the window
SvarSlettDejligt med en regnbue og ekstra fint når man ikke behøver gå ud i regnen for at tage billedet :-)
SvarSletthttp://mitblogunivers.birgittefrostholm.dk/2013/11/11/mandagstema-100/
Så utrolig fint du skriver! Jeg liker det!
SvarSlettLiker bildet også! -Margit-
Du er så god med ord altså! Akkurat mens jeg er litt lei november allerede (men også litt glad fordi det er snø på bakken akkurat i dag), så kommer du med en fin tekst om at november er litt verdt å bli kjent med den også. Takk :)
SvarSlettVilken härlig bild, med regndroppar på fönstret och regnbågen där ute!
SvarSlettEn fin kärleksdikt till november. Jag som gillar både höst och vinter är ganska nöjf¨d även med november, så jag gillar din dikt!
SvarSlettI love rainbows! Such a beautiful picture!!! Thank you for sharing!
SvarSlettÅ regnbuer er så flotte! Og så ser det ut som du har hatt like mye regn som meg i dag :-) ha en super uke!
SvarSlettSå flink du er!
SvarSlettSå trist og grå, men nyttig likevel ;-)
November er tiden for de små overraskelser og uventede gleder! Nydelig bilde.
SvarSlettÅ - det var fine ord til November!!!
SvarSlett