når
lærer ein mest
om
seg sjølv?
aleine,
på eit hotell
midt
i ein stor by
med
millionar av menneske
og
tusen ting ein har drøymt om å sjå,
og
så sit ein likevel aleine
på
eit hotellrom
og
skriv dikt om livet
sine
buktningar og knausar
viss
ein då legg ned pennen
og
ser djupt inn i spegelen
inn
– bakanfor eigne auge
då!
då
er læringskurva like bratt
som
hotellfasaden
(Torsdagstema. Det er kaldt ute. Det begynner å bli glatt på vegen. Snart kjem snøen (altså slapset) og regnet. Eg hadde ikkje hatt så mykje imot ein tur til ... Barcelona (for eksempel)...)

Fin utsikt och en intressant fundering.
SvarSlett