Viser innlegg med etiketten hotell. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten hotell. Vis alle innlegg

fredag 11. april 2014

På hotellet





Vel, eg har skrive diktet, men er usikker på korleis det kan tolkast... Forslag?





inne på hotellet
der fisken sym fritt
og paddene dansar samba
til eit orkester i moll
inne på hotellet
bak skotsikre ruter
kikar dei ut på verda;
det er vi som er på utstilling
og framande i denne verda,
det er vi som har store auge
når vi ser sjøstjerner ete sjuretters middag
og steinbiten knuser rommet
i eit anfall av raseri
inne på hotellet


torsdag 21. november 2013

Lære om seg sjølv



når lærer ein mest
om seg sjølv?
aleine, på eit hotell
midt i ein stor by
med millionar av menneske
og tusen ting ein har drøymt om å sjå,
og så sit ein likevel aleine
på eit hotellrom
og skriv dikt om livet
sine buktningar og knausar

viss ein då legg ned pennen
og ser djupt inn i spegelen
inn – bakanfor eigne auge
då!
då er læringskurva like bratt
som hotellfasaden


(Torsdagstema. Det er kaldt ute. Det begynner å bli glatt på vegen. Snart kjem snøen (altså slapset) og regnet. Eg hadde ikkje hatt så mykje imot ein tur til ... Barcelona (for eksempel)...)