Det
eg likar best med verda,
er
at alle ting er så ulike
at
det ikkje finst to like blomar,
at
to blad på same tre aldri er kopiar
at
når eg møter eit anna menneske
kan
eg spegle meg i auga
og
likevel vite – vi er ulike, vi er annleis
skrudd
saman, i tankar, i kjensler, i hud –
eg
kan gå gjennom byen, sjå på alle eg møter
og
ikkje sjå to som er like, to som gjer likt
kanskje
gjeld det heilt inn til dei stødigaste atoma,
med
elektron, i aldri samanfallande baner –
og
når eg ser huda di i kontrast til mi,
og
smilet ditt møter mitt i asynkron harmoni –
då
skjønar eg, då tenkjer eg
i mine
unike hjernebaner, at
verda
er eit mangfald, verda er ei blomeeng
der
vi alle er like ulike, og difor like spennande!

Excellent close up
SvarSlettSå viktig å kunne se verden med slike øyne!
SvarSlettSnygg bild på gerberan.
SvarSlettBeautiful shot of this wonderful Gerber flower. Nicely written words, too :-))
SvarSlett