side
20
du
vert introdusert
og
treff den andre hovudpersonen
som
i denne boka
tilfeldigvis
er
meg
(kanskje
lurar du på
kvifor
du er med i akkurat denne boka?)
side
28
eg
tek handa di
du
smiler
side
35
du
kastar ein fullt knuseleg kopp etter meg
i
sinne
eg
grip den i siste liten
side
36
du
smiler til meg
eg
smiler tilbake
side
48
eg
spør om det er oss
og
du seier, ja, det er oss
side 50
det er oss
side 177
det er fortsatt oss
side
286
ikkje
så mykje som skjer
litt
fleire rollefigurar, berre
du
smiler fortsatt til meg
eg
smiler tilbake
side
287
du
smiler til meg,
eg
knyter hendene
og ser strengt på deg
side 288
så smiler vi att
side 316
ja,
fortsatt smil –
kjære
redaktør, eg veit ikkje…
trur
du folk gidd lese dette?
det
er kjekt å skrive
men
det
skjer ikkje så mykje akkurat
side
320
vi
avsluttar boka her
og
går over til neste bind,
så
får vi sjå kor mange som orkar
henge
med
…
terningkast
i Aftenposten:
2
‘sovna
på side 36’
teaser
bok 2:
fleire
smil
fleire
koppar som vert kasta
og
gripne
i
siste liten
og
endå fleire smil
og
sikkert ei tåre, dørsmelling, strenge blikk
og
smil
mange
smil…

Ei spesiell oppsummerring av eit samliv! Bra.
SvarSlettSomeone looks very smart, Wedding?
SvarSlettYes Bill, you're good! Dressed for a friends wedding, some years ago.
SvarSlettGoogle does not translate Norwegian to English very well but your excellent pictures are the same in any language.
SvarSlettThanks! And even more, google doesn't translate poetry very well in general...
SvarSlettStilig og fiffig. Trur eg og mange med meg kunne ha funne det fint å lese, det mellom også. Kvardagar i alle valørar.
SvarSlettStilig par :)
Jag tycker det låter som en härligt varm och glad bok, sådana behövs!
SvarSlettBeautiful photo!
SvarSlettGreetings from Holland
Både fin text och bild!
SvarSlett