Viser innlegg med etiketten djup. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten djup. Vis alle innlegg

lørdag 6. juni 2020

Isbitmaskina

isbitmaskina
hoppar av sporet
berre ein gong

ei innsikt så djup
og likevel naken
på alle djupner

vitet strekk seg
lenger ut, lenger ned
og bortanfor

der isbitmaskina
hoppar av sporet
står og hakkar

som ei påminning




tirsdag 29. september 2015

Mindre




hjartet mitt krympar
i møte med dette
ville, utemde, djupe

eg er så mykje mindre enn
no enn i går,
eg stod roleg på fast grunn

då – no er verda på ny
rotasjon, annleis denne gongen,
og eg er ikkje lenger solid

så eg søkk i djupna
kjenner vatnet dra meg under
medan hjartet mitt krympar –

det er greitt no …
eg gir meg
til deg

om du endå vil strekke deg
dit eg er og løfte meg
tilbake til dei levande



lørdag 25. oktober 2014

Djup



1
denne roen
strekk seg
så langt auga
kan sjå

eg kviler
på fråværet
av bølgjene
frå i går

eg flyt
på ei visse
om trygge bakveggar
for resten av vegen




2
lenger inn
i det ukjente

ein veg som strekk seg
herifrå, og langt

ut på djupnene
i mitt indre landskap





3
der ute
er det ugripelege;
det som er der
usynleg

det eine vi ynskjer
å fiske opp,
tileigne oss
som openberra styrke

og det andre
det vi gjerne vil halde
skjult
på tusen meters djup



(Fototriss. Og ein artig ting frå Coolstuff her. Det siste bildet viser ein bit av Sognefjorden, som på det meste er over 1300 meter djup!)