hjartet
mitt krympar
i møte
med dette
ville,
utemde, djupe
eg
er så mykje mindre enn
no
enn i går,
eg
stod roleg på fast grunn
då
– no er verda på ny
rotasjon,
annleis denne gongen,
og
eg er ikkje lenger solid
så
eg søkk i djupna
kjenner
vatnet dra meg under
medan
hjartet mitt krympar –
det
er greitt no …
eg
gir meg
til
deg
om
du endå vil strekke deg
dit
eg er og løfte meg
tilbake
til dei levande