Viser innlegg med etiketten søsken. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten søsken. Vis alle innlegg
onsdag 18. mai 2016
Det er denne handa
det er denne handa
eg held
den tett
i mi, kjenner fridom
som varme impulsar
mellom fingrane mine
og dine,
her - i denne handa
har tryggleiken min festa rot
det er denne vegen
me går
den saman
møter framtida side ved side
som noko spennande
nytt, noko ukjent
å famne
her - langs denne vegen
med handa di trygt omkring mi
fredag 7. februar 2014
Søsken
Det skulle vere
lett å forstå
at ingen kan
fylle plassen
i eit hjarte
som ein bror
med
trehjulssykkel
og plass på
bagasjebrettet
og plass i leiken
og plass i
hjartet
til ei lita
søster med tindrande auge
og håpefull
stemme
og ei grenselaus
tru på at han,
sjølve Broren,
at han sjølvsagt
har rom for ein søsterkropp
i leiken
Ja, det skulle
vel vere lett å forstå!
søndag 16. juni 2013
Fjellsøsken
Fjellet ruvar;
Lyng og stiar snor seg
mellom vérbøygde bjørketre
Over berg, mellom nutar
Vadar gjennom rislande sommarbekkar
hand i hand
Søsken i sommarsol
Det store fjellet
er tryggare
slik
søndag 21. april 2013
Eg og bror min
Tenk å ha ein bror på vegen
Ein som er der
heilt til endes
og som endå tek telefonen
kvar gong eg ringer
og fortsatt er ein tullekopp
og fortsatt er min beste ven
Ja, tenk å ha ein bror
som broren min
Abonner på:
Innlegg (Atom)

