Viser innlegg med etiketten bror. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten bror. Vis alle innlegg

fredag 7. februar 2014

Søsken




Det skulle vere lett å forstå
at ingen kan fylle plassen
i eit hjarte
som ein bror
med trehjulssykkel
og plass på bagasjebrettet
og plass i leiken
og plass i hjartet
til ei lita søster med tindrande auge
og håpefull stemme
og ei grenselaus tru på at han,
sjølve Broren,
at han sjølvsagt har rom for ein søsterkropp
i leiken

Ja, det skulle vel vere lett å forstå!


søndag 27. januar 2013

Skrive med tre




Bror min er tømrar
skriv sin tekst med tre og spiker
Hamrar den fast til berget,
fullt leseleg for alle som vil sjå,
vitnar om det menneskelege språket:
byggje opp, reise landemerke
kommunisere vårt vesen frå hjarte til hjarte

Bror min skriv
det eg aldri kan seie:
Her gjekk det eit menneske,
her slo han opp sitt hus
sin familie, sitt liv
Kvar spiker syng teksten
eit kor av tre og metall

Kvar gong eg kjem over eit falleferdig hus
i skogen, på eldgamle tomter
må eg tenkje på dei som gjekk der
levde sine liv
åt frukost, åt middag, lo eller gråt
kyssa, elska, leika, sov
levde
der

Bror min sine hus er vitne,
tause songar
vi kan lese, tolke, sanse
ein stille tale til våre menneskelege tankar
Når alle mine ord på gulna papir
har forvitra, delt seg opp og er gløymde
står husa der endå