det eg legg merke til
er kanskje noko anna
enn det auga dine fangar inn -
kan hende er porene i huda
annleis utforma,
så det reflekterte lyset
får ei anna form
kan hende er auga mine
utstyrt med andre typar nervar,
eller berre
andre nervar
enn dine,
og cellene i hjernen
sender signala i heilt andre baner -
på den måten kan me stå her
og sjå på det same,
og samtidig sjå heilt ulike ting
Viser innlegg med etiketten synsvinkel. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten synsvinkel. Vis alle innlegg
fredag 3. januar 2020
fredag 9. desember 2016
Ut i verda
det
er i hovudet
den
verkelege
reisa skjer
som
eit ekko
av
kroppen
sine forflyttingar
frå
stova
til bilen
frå
tunet
til ferjekaia
frå
heime
til ut i verda
ankarfestet
er
rommet kroppen fyller
i
sitt naturlege miljø;
senga,
badet, stova, kjøkkenet
heile
den kjente verda
og
så utvidar det seg
-
i tynnare luft, framande vatn
veks
verda til nye proporsjonar
og
ankerkjettingen strammar
og
strammar
vert
eit elastisk band
strekt over fjorden
dreg
tankane heim att
og
kroppen fyljer etter –
Etiketter:
perspektiv,
reise,
synsvinkel,
verda
fredag 2. oktober 2015
Nærare, klårare
så
mykje nærare alt er
langt
bortanfrå
som
eit langt steg å gå
frå
ein odde til den neste,
det
verkar så rart
å
leggje plankar over –
er
ein der sjølv,
i
lyse og nærare vinklar
vert
alt det som gjekk i eitt
med
eitt så klårt,
og
takksemda
for
ein veg over djupet
er
stor
lørdag 7. juni 2014
Blindsone
denne
vegen er den same som i går –
eg
har ei blindsone i livet
eit
felt eg ikkje klarar å sjå
eit
stivna bilde, eit slør av vanar
med
paradoksa som dusinvare;
alle
bilda er dei same som i går
og
eg går i dei
kvar
einaste dag
utan
å reflektere
utan
å ta inn det eg ser
ikkje
før bobla sprekk
vegen
rivnar
jorda
skjelv
og
alt eg kjenner til
vert
snudd på hovudet
då
vil det opne seg ei dør
i
undring, i tvil
eit
slør som vert løfta
- så
smertefullt, bittert
auga
blunkar
eg
myser mot lyset
og
ser ei ny verd
som
likevel er den same
og
eg må velje
å
lukke auga, eller –
Etiketter:
auge,
perspektiv,
synsvinkel,
val,
verda
Abonner på:
Innlegg (Atom)