torsdag 14. mai 2020

Snart stoggar heisen

snart stoggar heisen
tenkjer me,
susar gjennom galaksar
på veg oppover

alltid oppover

snart stansar den
og me må av
snart

tenkjer me, og kjenner
gravitasjonskreftene
dytte oss unna

i fritt fall
stig heisen
og me lener oss mot kvarandre
kjenner farten
som ei glede i blodet
endå går det oppover

endå er me med --

onsdag 13. mai 2020

Gløymde

gløymde det mørke vatnet

gløymde snøfillene i virvlande dans

gløymde stålblank is over store djup

gløymde kulda sine skrapande klør over huda

steig inn gjennom ei dør

kjende varmen, såg fargane, høyrde musikken

gløymde alt som var 


tirsdag 12. mai 2020

Krigen som forma hjartet

sverdkant mot sverdkant,
dei skarpe kantane
mot kvarandre sin strupe

her vert orda tøygde og slipte
bretta og forma
demonterte og sette saman

den skarpe kanten rispar i huda
dreg ei tynn stripe av blod
over arket

ingen slepp unna
når sverdet vert svinga
med eit susande slag
i store sirklar 


mandag 11. mai 2020

Det dansande huset

dørene skrik på hengslene
karmane knirkar i vinden
veggane bølgjer, taket svaiar
golva syng ein eldgamal song

huset dansar
aleine
i forsommarnatta

utanfor blømer blomane
lenger borte bøyer trea seg innover
dannar ein knudrete mur

hit inn
kan ingen menneske komme
no lenger

det dansande huset
er trygt forvart
i skogen si hemmelege eventyrverd




søndag 10. mai 2020

Trasse stengsler

viss
du
seier
ja

kunne
me
halde
hendene
saman

sjå
langt
over
vatnet

framover
langs
visarar

veg
mot
morgongryet

medan
verda
søv
ristar 
av
seg 
støv

frå dagar utan rørsle, dagar utan lys
dagar utan nokon som ryddar opp
og tek ansvar, men me, me går på
med hendene saman, trassar smerter
trassar stengsler, går over alle hinder
på veg mot ein betre morgondag

viss
du 
seier
ja
når
utfordringa
kjem


lørdag 9. mai 2020

Fjerde


denne kulda
hesten som dreg vogna
motoren som dyttar flyet
endå lenger opp i atmosfæren
der sjela finn respirasjonen vanskeleg

avstanden frå golv til tak
er den dobbelte
av det som står i pakningsvedlegget

eg legg meg ned på teppet
let meg føre utover balkongen
ser verda frå fjerde etasje

alt her oppe
er slik dei sa det ikkje ville vere


fredag 8. mai 2020

Kontinuitet

fridomen er denne syngande lyden
av metall mot metall,
dei grove hjula som rullar framover
langs svillene
medan landskapet renn forbi;
ei motstraums elv

auga dine kviler
på dei grøne trea, dei langstrakte viddene
auga dine finn svar
i det som ikkje står skrive
eller uttalt
på husveggane, bilane, vindauga
men er lyset hjartet strålar

fridomen er denne vogginga
gjennom ukjent landskap,
knea mine mot knea dine, ei takt
me kan falle inn i 
og smila speglar seg i kvarandre
lik auga speglar djupnene i det me ser 

fridomen ligg i dette å ikkje stoppe
men halde fram,
ein kontinuitet
i mennesket sin sanne natur