fredag 12. mai 2017
Kjærleik frå ei mor
er varm lava
strøymande over isbrear av frykt,
smeltar vekk den forferdeleg vonde
kvelande smerta som jagar gjennom blodet
men no
vert smerta sjølv jaga
av denne lavastraumen
av kjærleik frå ei mor
er lindrande vind
over aude ørkenlandskap av einsemd,
trøystar der håpet døydde og vener drog
og alt som står att er tørre stubbar
av det som ein gong var
men no
kjem vinden siglande
som eit levande plaster
frå pusten til ei mor
fredag 28. april 2017
Det vi bygde
1
det vi bygde
og tenkte skulle vare
snart rasar det saman
går tilbake
til støvet det kom frå
bak det heile er fjella tause vitne
husa vert tomme
søkk saman under børa
av tause stemmer, fråvær
av liv og varme
forsvinn med vinden
og regnet og tida
bak det heile er fjella tause vitne
så skal også dei ein dag vike grunnen,
smuldre til sandkorn
skylt vekk i straumar av vatn
og ført av garde med vinden
til berre det aude slettelandet ligg att
2
eg ser med undring på landskapet
ser kor det forvitrar
endrar form,
ser korleis tankane mine vert forma
av tida og rommet
og kor alle ting er ustødige, små
i møte med dette ufråvikelege
som sliper verda ned
bit for bit
3
utan håpet
om noko meir
ville denne tanken vore skremmande mørk,
eit skrekkscenario
i mi imploderande tru på verda
for når verda vaklar
vert ei anna tru ståande att
torsdag 27. april 2017
Reisa inn i boka
desse samankrølla tankane
som ein gong svevde
var abstrakte idear
i eit framand hovud
vart kjempa ned på papiret
vandra vegen
frå nevron til nevron
ut i fingrar som sprang over sider,
sette sine merke
i samsvar med idéen bak
no er orda ein motorveg
til eit framand land,
ei kartbok
over framande landskap;
eg gjer klar nevrona
stiller meg open
for ei koda reise
kviskrar
lyft meg, ta meg med
inn i din framande tanke -
tirsdag 11. april 2017
Lyset i mørket
i
mørket pulserar
eit
lys
like
under overflata
av
det synlege
ein
dag
om
ikkje lenge
vil
det skine gjennom
bryte
ut
knuse
mørket
i
tusen vikande fragment
fylle
natta med nye lydar
nye
songar
skine
trea grøne, havet blått
og
lengten raud
som kjærleikfredag 31. mars 2017
Blank
i jamn fart
glir vi over flata
som før var glitrande
vatn
no
er det blankt
og
kaldt og ufatteleg
glatt
dette
som
først fann si form
då
sola bleikna
mørket
seig inn
og
alle rørsler vart seige
her
tek vi jamne, beine tak
glir
over flata
som
ein gong var flytande
blinkande
himmeltårer
onsdag 15. mars 2017
Refleksjonar
vatnet
glitrar
av
refleksjonar
frå
levd liv
alt
det vi bygde
i
vårleg optimisme
alt
det vi såg ferdig
og
kjente glede ved
djupt
i hjartet
alt
det vi hadde venta på
som
ein dag stod verkeleg
framfor
oss –
no
er alt dette glidd vekk,
det
går i eitt med tankane
og
inntrykka
frå
det vi kallar kvardag
kanskje
er det gløymt, gøymt,
unyttige
reisverk
i
den nye tida –
men
vatnet glitrar
av
tusen refleksjonar
frå
levd liv
Abonner på:
Innlegg (Atom)


