Viser innlegg med etiketten skøyter. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten skøyter. Vis alle innlegg

fredag 31. mars 2017

Blank



i jamn fart
glir vi over flata
som før var glitrande
vatn

no er det blankt
og kaldt og ufatteleg
glatt
dette

som først fann si form
då sola bleikna
mørket seig inn
og alle rørsler vart seige

her tek vi jamne, beine tak
glir over flata
som ein gong var flytande
blinkande
himmeltårer


torsdag 16. januar 2014

Eg drøymer




Eg drøymer om botnlaust vatn,
djupner som skjuler tankar,
dei som stadig dukkar opp
frå stader eg vil halde lukka, låst
men aldri klarar halde att

I meg står heile
Pandoras boks, med lokket på gløtt
og to stirande auger
- mine,
som vidar seg ut
i frykt for at noko skal skje
at noko skal opne seg
at nokon skal sjå – på innsida

Eg drøymer om botnlause fjordar,
med lokk over,
ein skjulestad for det inste,
ein tumleplass for dei glade tankane,
at dei skal finne ei flate å stråle frå –

ei flate eg kan trø, kanskje med eit smil
endå eg veit
at under her, under denne flata
ligg alt gøymt…


(Torsdagstema)