søndag 7. juni 2020

Dagen glir inn

armane flyt i morgonlufta
som ørnar i flog
lågt over marka

peilar seg inn etter beina
ei retning er den andre lik -
og slik flyt alt fram der

orda er mygg over dirrande dogg
utan forsvarsverk - utan tanke
på dei jaktande fuglane
i soloppgangen

eitt etter eitt vert dei borte
og dagen vert notert;
ein teatertekst glir inn
klar for nedstøving
i arkivet 



lørdag 6. juni 2020

Isbitmaskina

isbitmaskina
hoppar av sporet
berre ein gong

ei innsikt så djup
og likevel naken
på alle djupner

vitet strekk seg
lenger ut, lenger ned
og bortanfor

der isbitmaskina
hoppar av sporet
står og hakkar

som ei påminning




fredag 5. juni 2020

Junimorgon

når denne natta er til ende
brest som ei boble mot berg
svevar nattfuglane inn over skogen
vert borte i lyset
frå ei nyfødd sol

då går eg med stille steg
over grus som knasar, grus som held
ei verd vidar seg ut
og skoa er stødige båtar på lyset

ei doggvåt grein over vegen
ein fuglesong, eit sus av vind
ein bekk, ein bilveg langt borte
ei stille som veks som ei rose, boblar fram
frå djupet og omkapslar alt med si glede



torsdag 4. juni 2020

Nye sprang

nokon ventar
eit steinsprang i mergen
nye sprang
frå det som ein gong sprengte

løyve til å drøyme om
løyve til å kysse
løyvet til å springe

forbod mot skuggar  --
lyset bles som ein vind over hagen
stryk mjukt over uslipte steinar
ruggar dei til kamp
nye sprang
frå det som ein gong var eit sus

i håp om botnar 
som svinn

svingar vinden i enden av eit tau
sveiper over marka
lagar spor i sanden, spor i huda
ventar
        på noko
med fullmakt til å aldri stoppe


onsdag 3. juni 2020

Alt ein dag

alt kan eg miste
alt, ja det meste
kan smuldrast og sleppast
som støv

alt i ein time
alt, sjølv det tome
må leggjast og løyvast
til ro

sjølv skal eg fare
sjølv, alt må fire
nedover mørket i marka
som mold

alt har eg vunne
alt, vil eg vinne
ein sigerskrans, sjeledans 
oppstodeglans


tirsdag 2. juni 2020

Nære sjela

det ulmar i jordmørket,
ein tærande brann - ein lengt
etter substansar, frø, fylde
noko som kan vekse
vide ut dei små romma
fylle dei med meining

eit brummande rop i natta,
kom, len deg nærare hjartet
la oss falle inn i kvarandre sin rytme
fylle ut
det som manglar i oss sjølve

len deg nærare sjela,
opne opp dei ytste laga
og dei innanfor
og dei innanfor det igjen
til det inste deg ligg nake og bart
og me kan møtast
utan masker, utan skodespel, utan redsle

hald dei nakne sjelene
i mjuke hender
kviskrar det frå jordmørket
kom, la oss dele varmen i dette ordet
og aldri slokne --



mandag 1. juni 2020

Kvile i seg sjølv

midt i jakta
stoppar ho opp

føtene står som limt i grusen
skuldrene senkar seg
inn i ei ny stille

auga kviler på den blå himmelen
som fyller ut tomromma
mellom viftane bjørkegreiner
og suset gjennom skogen
fyller øyra

her
akkurat her
vil eg stå
tenkjer ho  -  ja,
kvifor ikkje her -

det er noko framandt i nettopp denne lufta
denne plassen, akkurat her
og no

finn ho ut
kva det vil seie
å kvile
i det ein har