tirsdag 6. mars 2018
Utstilling
Etiketter:
nynov,
opprør,
ord,
utstilling
mandag 5. mars 2018
Fantomsmerte
vekta
av deg i armane mine
medan
eg bar deg rundt
dei
nettene du vakna - skrikande
ei uro som måtte finne svar
hos meg
vekta
av deg i armane mine
dei
dagane du sovna
medan
eg heldt deg tett inntil
og
det var berre du
i
heile verda
vekta
av deg når eg lyfta deg
opp
frå vogga, opp frå golvet, opp på stellebordet
bleie
av bleie på
og
så lyfte deg ned att, ut
på
ein ny ekspedisjon – bort frå meg
vekta
av saknet i hjartet mitt
er
ei fantomsmerte, tilsvarande stor
vekta
av det tunge, sovande hovudet ditt
mot
brystkassa mi
søndag 4. mars 2018
lørdag 3. mars 2018
fredag 2. mars 2018
Eg var der, altså
eg
var der
det
er heilt sant
sjølv
om du ikkje såg meg
og
eg eigentleg ikkje såg deg
gøymt
bak kameraskjermen
var
det vel berre håret mitt
(det
vesle som er att)
som
viste og du kunne sjå
meg
inn i linsa
for
bildet som er forma i hovudet mitt
er
filtrert gjennom fleire lag
slipte
glas
og
lagra først på ei minnebrikke
og
deretter på pc
så
eg var der, altså
det
er nesten heilt sant –
torsdag 1. mars 2018
Krigens to ansikt
tobarnsfar
(45) frå Norge
jobbar på våpenfabrikken,
meiner det er ei sikker
inntektskjelde, og
«hadde ikkje eg jobba her,
ville nokon andre gjort det»
tidlegare tobarnsfar (45) frå Jemen
slår ut med armane;
han er tom for ord
men auga fortel ei historie
om tusen knuste draumar –
jobbar på våpenfabrikken,
meiner det er ei sikker
inntektskjelde, og
«hadde ikkje eg jobba her,
ville nokon andre gjort det»
tidlegare tobarnsfar (45) frå Jemen
slår ut med armane;
han er tom for ord
men auga fortel ei historie
om tusen knuste draumar –
Abonner på:
Innlegg (Atom)


